Fakta
Nick: Jethro
Født: 17.05.2010
Reg.nr: NO46999/10
Kjønn: Hann
Farge: Red merle m/ tan
Hale: Lang
Bitt:

Helse
HD: A
AD: A
Øyne: Fri (2010)

Resultater

Utstilling: Excellent

Eier
Silje Vatten

Lillivo`s Super Trouper

Gutt nr 1. Denne gutten er vel den mest billedskjønne aussien ein kan tenkja seg - reine Disney-figuren!

Han har likevel vore litt ”nøytral” i kullet, ikkje så aktiv som dei andre og meir mjuk når Lilly har gitt beskjed om at dei skal holde seg vekk fra melkebaren. Men han kan likevel vera intens i leik med dei andre og er ikkje den som gir seg med det fyrste. Han har blitt meir aktiv siste tida og han er vel den som liksom skal gjete mest på dei andre. Da er han berre så utruleg morsom å sjå på!

Han er veldig trygg i alle nye miljø og takler alt på strak arm, og folk han treffer da gisper av beundring. Har fått mange kommentarer på at han må vera den finaste valpen dei har sett.

Han er glad heile tida og blir kalla Gladgutten - han var den fyrste som logra i valpekassa og halen går heile tida fortsatt.

På stamtavla heiter han Lillivo`s Super Trouper - han er rett og slett ein super gutt!