|
Fakta Nick: Ivo Født: 17.09.2005 Reg.nr: 22199/05 Kjønn: Hann Farge: Red merle/hvit/tan Hale: Kort stump Bitt: Korrekt, alle tenner Testikler: OK Helse HD: A AA: A Øyne: u.a. - 2010 Resultater Karaktertest: Bestått MH-test: Gjennomført Utstilling: CK Lydighet: 2. premie klasse 1 Spor: Godkjent klasse D |
Ivo er godgutten i huset. Han er glad i folk og dei fleste smelter for Ivo! Han er blitt sammenligna med Roger Moore, forståelig nok! Knall blå auger og eit blikk som går rett heim hos dei fleste! Han er ein "myk mann" og liker ikkje bråk med andre hunder og snur seg som oftast vekk om nokon ypper. Han liker heller ikkje tilsnakk og demper veldig om han skjønner at han har gjort noko dumt! Skjønner han derimot at han har gjort noko fantastisk bra så får han store klinkekulerunde auger og sitrer med heile kroppen. Så stolt!
Eg har heile tida tenkt at Ivo ikkje kan ha særleg vaktinnstinkt fordi han er så mjuk og så veldig glad i folk. Han varsler om det kjem folk på tunet men er stille når me seier det er greit. Men han har bevist at han vokter når det er nødvendig! Ein gong kom det ein full mann over gjerde med knyttneve og kjefta på oss. Då gjekk Ivo mot han og knurra samtidig som han vrengde leppa og hadde eit rått blikk! Kjende ikkje søte gutten att eg... Fylliken tok beina fatt og Ivo såg dumt etter han og gjekk og la seg! Det er gutten sin det!
Ivo er svært stødig og tillitsfull, mange som i utgangspunktet er redd hunder synes faktisk at Ivo er heilt ok. Han utstråler liksom ro samtidig som han blir kjempe glad om nokon tar kontakt. Ivo har eg lånt ut til ungdommer som ønsker seg hund men ikkje kan ha sin eigen hund enda. På denne måten lærer dei ein del om det å ha hund og finner ut om dei er nok interessert til at dei skaffer seg sin egen hund seinare. Og Ivo elsker all den oppmerksomheten han får!
Ivo har trent ein del rundering på Voss før me flytta til Svenseid og det vil me fortsette med om tida strekker til! Me har også prøvd oss i LP-ringen så me har planer om å konkurrere i LP og rundering i 2009.
Ivo som avlshund
No har Ivo passert 4 år og eg har bestemt meg for at eg gjerne vil låne han ut til passande tisper.
Ivo er trygg, glad og veldig lett hund å ha med å gjera. Tvers igjennom stødig og med ein tolmodighet som få. Barn eller hunder kan henge i øyrene eller kragen hans og vera ganske ufine uten at han tenner, så den lunta er lang.
Han overser andre gutter også om dei ypper seg, han liker ikkje bråk. Men han er heller ikkje pinglete, han gjer beskjed om han må. Men eg unngår helst at han skal koma i situasjoner der andre trøbler seg, det er heilt unødvendig.
Ivo har heller ingen overdriven vokt. Han varsler når det kjem folk men det er alltid greit når me seier frå, då vil han helse og lure til seg litt klapp og klø, han er veldig sosial med andre ord.
Ivo elsker å trene, spesielt rundering og spor. Dette passer han perfekt! Søk ligger naturlig for han og han blir heiltent når han ser sporselen.
Han synes også det er moro å trene LP men om ein er ute etter ein hund som elsker å trene ”dagen lang” og har ambisjoner om å koma fort opp på elitenivå så er ikkje dette rette hunden. Han liker ikkje å trene/terpe på detaljer, det forstår han ikkje poenget med.
Men som treningskompis på eit meir "normalt" nivå er han heilt super. Og kanskje det viktigaste av alt så fungerer han bra som ein del av familien!
Eg trur han har mange eigenskaper som aussien som rase trenger. Han er stødig, sosial og har god avknapp.
Om Ivo har noko minus så er det at han misliker å vera i bur. Han godtar det men han kan bjeffe veldig om folk passerer buret eller garden hans. Når det skjer høyres det ille ut men han er ikkje så veldig skummel.
Ivo er også litt labrador i hode sitt når det gjelder løpetid. Då er det ikkje lett å få kontakt nei.
Som valp/unghund hadde Ivo sterke voksesmerter. Heldigvis gjekk det over men det er ikkje anbefalt å bruke han mot tisper som har hatt det samme.
Eventuelle tisper må sjølvsagt vera øyenlyst, HD/AA rønka og gjennomført K-test eller MH-test.
Spør gjerne om det er noko de lurer på om Ivo!
Fimer og bilder av Ivo