| Valpekurs | ||
![]() |
På valpekursa er det fyrst ein teorikveld der deltakerne lærer litt om valpen
sine behov og utvikling fyrste tida. Pris: 1000,- |
|
| Grunnkurs/Lydighetskurs | ||
![]() |
Desse kursa blir lagt opp på ulike nivå, alt etter kva folk ønsker. Mange er kanskje mest opptatt av å få ein hund som fungerer bra i kvardagen og vil gjerne læra meir om hund generelt. Då har me fokus på læringsteori og god kommunikasjon mellom hund og fører. For at hunden skal trivast og vera harmonisk må den også få utfordringer etter det aktivitetsbehovet den har. På kursene prøver eg å finne aktiviteter som passer for både hund og eiger! Satser på at alle som går på kurs blir inspirert til å vera meir aktive med hundane sine. Andre vil kanskje gå konkurranselydighet og velger kurs der me trener ulike lydighetsøvelser. Då har me fokus på å trene med presisjon og tempo med tanke på konkurranse. Mange begynner å trene lydighet berre for å ha ein aktivitet saman med hundane, og fleire av dei hamner nok i lydighetsringen ein dag…. uansett, ein plass må alle begynne. Innlæringsmetodane eg bruker gjer at lydighet blir lystbetont for hund og eiger. Ingen bruk av straff, kun positive og "moderne" innlæringsmetoder! Pris: 1200,- |
|
| Introkurs i spor | ||
![]() |
Spor er ein fin aktivitet for både hund og eiger. Hunden får brukt sansane sine og blir sliten på ein annan måte enn om den berre får fysisk trening. Om hunden får gå spor i 10 min er den gjerne like trøtt som om den skulle vore på tur i 2 timer… Det er veldig ulikt kor naturleg det er for dei ulike rasane å gå spor men dei aller fleste hunder kan trenast opp til det. Eg konkurrerte med min kerry blue terrier men brukte nok mykje lengre tid på innlæring enn eg ville gjort med f.eks ein schefer. Om nokon vil prøva å gå spor kan eg hjelpa folk i gang. Om det er mange som er vidarekomne så leiger eg inn ekstern instruktør. |
|
| Agilitykurs | ||
![]() |
Agility er ein hundesport som er blitt veldig populær siste årene.
Agility består av ulike hinder som hunden skal over eller gjennom.
Her på Svenseid har eg nesten full bane som står framme heile sommerhalvåret.
Veldig kjekt å trene utan å bygge og rydde bane heile tida. Eg trener for det
meste til ”heimebruk” men satser på at Mikke og Atillus skal konkurrere i AG ein
gong. |
|
| Kursomtaler | ||
![]() |
Her kan dere lese om hva deltagere synes om kursene. |
|