Fakta
Nick: Lilly
Født: 15.01.2007
Reg.nr: 03297/07
Kjønn: Tispe
Farge: Red merle
Hale: Kort stump
Bitt: Korrekt, alle tenner

Helse
HD: A
AD: C / A (skade)
Øyne: U.a. (2010)
MRD1 test: +/+
CEA/CH-test: Normal

Resultater
Utstilling: CK, RES CACIB
Freestyle: Landslaget 2011

Lilly er ei lita, søt og sjarmerande aussietispe! Ho er trygg, sosial, førervar og alltid glad. Ho logrer til og med når ho drikker vatn! Ho har masse energi, er kreativ og lærer veldig fort! Ho kan også vera ganske så rampete og elsker å stjele mat,og ein periode var dette svært synleg for omverda... Ho fekk då kallenamnet "Tjukkaduddlo". No har ho vore på streng diett og me har passa veldig godt på ho. No er det slutt på (sjølvforsynt)brødmat og "godtesmøret" til mor! Høgenergi-foret til Mikke har me også lagra i tønner. Så no er Lilly blitt ganske slank og lekker!

Om Lilly er rampete og sjølvstendig så er ho likevel ein lett hund å ha i hus. Frå fyrste dag så godtok ho å bli lagt i bur uten ein lyd. Ho forstod når det skulle vera ro og når det var tid for fart og spenning. Men av og til kunne det bli vel spennande med Lilly som valp. Når Lilly hadde vore hos oss i ei veke fann ho ut at ho skulle ut i den store verda på eiga hand.
Det vart ein lang tur, ho var borte i 6 timer og eg begynte å sjå for meg det verste. Heldigvis så var det mange som hjelpte oss å leite. Ein av dei me trefte på sa han hadde sett nokre kjente gå tur i området. Kunne henda ho hadde gått i den retningen der det var menneskespor... Og rett nok, når me ringde der viste det seg av Lilly hadde klort på døra der for kort tid sidan. Gjett om me vart glade!!!
I ettertid har eg tenkt på at mange hadde sett Lilly på vegen men ingen stoppa og tok ho med seg. Ho var jo berre 3 mndr og kunne fort blitt påkjørt eller skada seg på andre måter. Til og med folk med hund reagerte ikkje, heilt sprøtt! Vel vel, det gjekk heldigvis bra!

Elles er Lilly glad i å gå spor og eg vil satse på å konkurrere med ho i bruks og LP. Ho blir også trent i Agility.

Lilly har flytta til sverige til mitt søskenbarn Rita og trives godt der. 
Grunnen er at Juba la Lilly for hat og tispene kunne ikkje lenger vera i løse i samme rom, ein av dei måtte til ei kvar tid vera i bur.  Det vart heilt uutholdelig!
Planen var å ha eit kull til etter Lilly men det blir ikkje noko av. 
Ho har fått 5 valper som har passert 3 år.  Alle har utvikla seg til å bli harmoniske og arbeidsglade hunder, stolt av dei alle.  Kan henda nokon av dei går vidare i avl.

Lilly døde av nyresvikt juni 2013.