Eva

Lillivo's Super Trouper

Da er det berre Glagutten som er ledig og han blir her på Svenseid til eg har funne ein like trygg og god heim til han som alle dei andre!

Gladgutten er vakker, trygg, vennlig, glad og leiken. Ang aktivitetsnivå så er denne gutten roligare og er meir ”fornuftig” enn sine søsken. Han kan ligge å sjå på dei andre med eit ”overlegent” blikk når dei herjer villmann men kan plutselig hive seg med i leiken, og er han fyrst i gang så henger han med. Litt morsomt å sjå han og søster Hasta sammen, ho er kjapp og smidig medan han blir litt tung i forhold…

Men han er likevel elegant når han traver rundt med ein flott stolt holdning!

Han er lett å lese og eg opplever han som trygg, frampå, hengiven og veldig glad i kos! Han har som dei andre god avknapp og eit tiltalande vesen. Han er ein gutt med eit ”mildt” vesen, ingen ekstrem aussie altså.

Det viktigaste for meg er å finne den rette heimen til gutten der han og eiger vil trivast sammen. Eg ønsker ein heim der gutten får eit aktivt liv med turer, kanskje litt sportrening eller andre hundesporter. Trur han blir ein grei hund å ha i hus, han krever ikkje mykje aktivitet men vil nok sette pris på å få bruke hode sitt. Han er lettlært og kan allerede nokre få kommandoer.

Gutten har eit vakkert hode, god beinstamme og flotte bevegelser. Derfor ønsker eg at han blir vist fram i utstillingsringen nokre gonger uten at dette er noko krav.

Om nokon i nærheten kjøper han så får han gratis valpekurs her hos meg.

Ta kontakt om på tlf eller mail om de har spørsmål om denne flotte gutten!

Les meir om kullet her.